• An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow

Arkitektkontoret Erling Haugen as

Arkitektkontoret Erling Haugen AS har vore etablert sidan 1992, og har kontor på Årdalstangen og i Førde i Sogn og Fjordane.

Vi tilbyr alle typar arkitekttenester, og driv mellom anna med programmering og byggprosjektering, frå hyttar til store industrikompleks, samstundes som vi held på med oppdrag innan interiør, og planlegging, frå detaljplanar til kommunedelplanar.

Vi er eit allsidig og kreativt arkitektmiljø, som satsar på å halde på ein blanding av erfaring og yngre krefter i eit nært og godt samarbeid med ein variasjon av oppdragsgivarar. Ta kontakt med oss om du har oppdrag og utfordringar vi kan løyse for deg.

Vi har sentral godkjenning i tiltaksklasse 3 innanfor dei nødvendige fagområda.

Er du på jakt etter utfordringar og søkjer arbeid som arkitekt kan vi også kanskje hjelpe deg om du tek kontakt.