Arkitektkontoret Erling Haugen as har gjennom mange års verksemd opparbeida seg brei kompetanse innanfor arkitektur og prosjektering.

Prosjektportefølgjen frå 1992 fram til idag omfattar skular, barnehagar, sjukeheimar, industribygg, næringsbygg og bustader i ulike former m.m.

Målet vårt er å halde høg arkitektonisk kvalitet på det vi leverer, med vekt på dialog, heilskap og funksjonelle og økonomiske løysingar.
Vi leverer moderne arkitektur som frittståande prosjekt eller tilpassa eksisterande bygningsmiljø.

Vi utfører byggeprogram, prosjekteringsleiing, bygningsutforming og interiøroppdrag.
Vi er godkjent som ansvarleg søkar, for overordna prosjektering og prosjektering av arkitektur i tiltaksklasse 3.

Kontoret er medlem av Norske Arkitekters Landsforbund og Arkitektbedriftene og består idag av ein sivilarkitekt og ein interiørdesignar.