Eit ca 110 daa stort område på sørsida av Jølstravatnet skulle regulerast for å legge til rette for utbygging av nytt Besøkssenter og galleri ved Astruptunet, kunstnarheimen til Nikolai Astrup. Grunnlaget for reguleringsplanen vart lagt gjennom ein open plan- og designkonkurranse for eit nytt Besøkssenter og galleri. Oppdraget omfatta fleire trinn frå program til arkitektkonkurransen, sekretær for juryen til arkitektkonkurransen og utkast til reguleringsplan. Reguleringsplanen vart ikkje vedteke pga varsel om motsegn frå Riksantikvaren. Prosjektperiode frå 2006 til 2008.

Tiltakshavar Jølster kommune.